Jordbær og sjampanje på biblioteket

Me har i vg1 og vg2 lese bøker i norsk, og 5. april hadde me framsyning av dei kreative bokmeldingane som elevane har skrive (på nynorsk).

Elevane gjekk rundt og las bokmeldingane, medan dei åt jordbærkanapear og drakk spprudlande drikke. Det er mange kreative elevar på Colegio Norugeo, og bokmeldingane deira uttrykte innhaldet i bøkene dei hadde lese på ein god måte. Framsyninga kan sjåast på biblioteket fram til påske, forteljer ein stolt lærar, Margrethe Sakshaug.