Fritak fra vurdering med karakter

Du kan trykke her for å laste ned dokumentet

Fritak fra vurdering med karakter.

I følge forskrift til privatskolelova kan elever i grunnskolen og i videregående skole søke fritak for vurdering med karakter i fagene skriftlig sidemål og kroppsøving etter følgende bestemmelser:

§ 3-21.Fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål

Elevar har mottatt særskild språkopplæring etter privatskolelova § 3-5 på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.

Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.

Elevar i heile grunnopplæringa har også rett til fritak frå vurdering i skriftleg sidemål dersom dei:

a) På grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målforma

b) Ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole

c) Fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak.



Skolen sitt styre skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom en elev som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.

§ 3-22.Fritak frå vurdering med karakter i faget kroppsøving i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

Elevar som ikkje kan følgje opplæringa i kroppsøvingsfaget, skal få tilrettelagd opplæring så langt dette er mogleg for eleven. Elevar kan få fritak frå vurdering med karakter i faget når den tilrettelagde opplæringa eleven får ikkje kan vurderast med karakter. Avgjerda er eit enkeltvedtak.